Yoga som livsstil - om å finne den indre roen, og skape ein bedre balanse og aukt livskvalitet
Det er mange måtar å praktisere yoga på, og mange navn å forholde seg til. Noko som kan vere forvirrende i starten. Men gir du deg sjølv mulegheiten til å prøve ut ulike metoder, og ulike lærere so vil du etterkvart finne din eigen stil, og tilpasse yogaen deg. Slik det er meint å vere, yoga som ein livsstil. Yoga er ei indre reise, og den er unik for kvar av oss.

Anahata Yoga
Anahata Yoga er ein roleg, meditativ yogaflyt som passar for alle. Bygd på gamle tradisjonar, som handlar om å leda med hjarta i alt ein gjer.
(Anahata er sanskrit for hjertechakraet)
Ved å snu fokuset innover i oss sjølv blir me meir bevisst eigen kropp, vanar og tankemønstre.
Yoga inviterar deg til å møte deg sjølv akkurat der du er, til einkvar tid. Uten å dømme, men heller lede med nysgjerrighet slik at du kan gi slipp på det som ikkje lenger fungerar, og invitere inn det nye.
Vise godheit i våre tankar, ord og handlingar.
Løyse opp blokkeringar for å opne flyten i heile kroppen. Oppnå bedre sirkulasjon, pust, energi og vitalitet, og kreativitet.
Me tillet kroppen å hele seg sjølv bedre, og forstår at dens potensial er so mykje større enn me trur. Ved å ta ansvar for oss sjølve, kan me lære å takle utfordringar bedre, både på det fysiske og psykiske plan. Yoga bringer saman kropp, sjel & sinn.
Du kan lese meir om Anahata Yoga og min lærar Peter Clifford på www.anahatayoga.com.au


The 5 Element Form
Ein sekvens av flytande bevegelser som bringer oss i kontakt med dei 5 elementa:
- Jord som gir oss styrke, stabilitet, støtte og balanse
- Vatn gir oss bevegelse, flyt, mulegheiten til å endre retning og flyte rundt hindringar
- Ild som transformerar og skapar nytt
- Luft som gir oss energi og vitalitet
- Eter - ein høgare bevisstheit og forbindelsen mellom alt

YIN
Roleg form for yoga der du slappar av inn i stillingane opptil fleire minutt. I staden for for å jobbe muskulært, slapper me av å let kroppen nå djupare inn. Yin Yoga blir ofte kalla bindevevsyoga. Timar i Yin-modus er Yin Yoga, Restorativ Yoga, og Pust&Avspenning.


YANG
Dette er ein aktiv form for yoga der ein jobbar muskulært. Her meir fokus på styrke, og kjernemuskulatur. Det kan vera timar der ein bevegar seg frå stilling til stilling med flytande bevegelser, eller at ein held posisjonar meir i ro. Timar som er meir krevande og er best med noko forkunnskap vil nevne dette i infodelen under kvar time.