Å vekkes på sjeleplanet...
- Yomasofi
- 24. mars
- 3 min lesing
I forgårs fekk eg eit spørsmål frå ei god venninne; "Kva legg du i det å vekkes på sjeleplanet?"
-Oi, det var eit stort spørsmål å få ein laurdagskveld, eg tek det med meg inn i natta og søv på det, svara eg.
Neste morgon fyrer eg opp i peisen og sett meg ned med skriveboka mi...
Du forstår det sit ei kraft i deg, som ikkje treng bekreftelse frå det ytre.
Det er magefølelsen som leda deg dit. Steg for steg, opnes ditt indre lys, og du får ein bedre forståelse for ditt formål her i livet. Det kommuniserast gjennom sjela.
Denne indre stemma som får deg til å lande trygt i kroppen. Det er ei kjærleg og støttande stemma som óg guider deg gjennom skuggane, for den hjelper deg å forstå det med å ta det heile og fulle ansvar for deg sjølv, og ditt liv.
Det gamle må forløysast for å gi rom for det nye.
Jo meir du landa i kroppen, jo meir forstår du reisa frå egoet til hjerta.
At alt har vert, og er ein del av prosessen, at det er ingenting som er rett eller feil.
Alt berre er. Til det blir noko anna.
Med sjela finn du roen til å lande i denne kroppen, i dette livet, i denne tida me er i.
Du forstår at du har valgt å vere her, å leve dette livet, for din sjels vekst.
Du kan tillate deg å vere menneske, med alt det byr på, for du ser det er ein del av heile reisa, at alt bringe med seg lærdom.
Når du tek alt heim, - både det du gjer, og det andre gjer mot deg, i den forstand at du tiltrekker deg det du sender ut, kan du lettare forløyse det gamle utan motstand. Utan fordommar, frykt og skam. Det gis istaden rom for tillit, tolmodigheit og kjærleik. For sjela di veit at du aldri er aleine. Den veit at du er ein del av noko større, ein del av alt. Den veit at so lenge du kan elske og akseptere deg sjølv fullt og heilt, frå den utømmelege kilda av ubetinga kjærleik, kan du dele denne ekte kjærleiken vidare med alt og alle. Utan forventninga og press til kven du skal vere, utifrå kven du trur i dette øyeblikk. Når du sleppe dette i deg sjølv, sleppes det óg mot andre.
Du står tryggare i deg sjølv.
Sjela strever ikkje. Den møter ikkje motstand med motstand. Sjela viser deg kor enkelt livet kan vere, når du velg å flyte med det livet som er rett for deg, og ingen andre. Når du velg å følge den stien som er lyst opp for sjela di. Når du kan kvile i den stillheita med deg sjølv, i full tillit, tolmodigheit og kjærleik, då er kontakta med sjelen der.
Sjela snakkar gjennom hjerta, utan begrensinga, negative tanka, sjølvkritikk, frykt, skam, fordomma, misunnelse, samanlikning . Den konkurerrar ikkje, og snakkar aldri nedlatande. Det er det egoet som gjer. Kommunikasjonen gjennom hjerta kan fortsatt vere konfronterande, men alltid servert med kjærleik og varme, for det den lyser opp er nødvendig for eigen vekst. Sjela vil alltid ditt beste, og den vise deg at det beste for deg, er óg det beste for fellesskapet.
Alt startar med deg sjølv, - du kan ikkje gi den ubetinga kjærleiken til andre utan å gi den til deg sjølv. Slik alt heng saman. Du du seier om deg sjølv, det gode du gjer mot deg sjølv (eller vonde), er det du sender ut.
Sjela fortel deg at du kan trygt ta din plass i verden, for det er ingen andre akkurat som deg, slik det heller ikkje skal vere. Me er alle like verd, og alle like unike.
Å vere den autentiske deg, er det beste bidrag du kan gi til verden.
Sjela er den følelsen av å komme heim, heim til deg sjølv.

Teink, for ei fin gåve å gi - eit "enkelt" spørsmål som kan gi rom for god refleksjon!
Dette vekte noko i sjela mi, at no er tida her for å dele meir.
Huks at alt startar med eit frø, og det handlar om å nyte heile reisa.
God klem frå Katrin
Comentários