Om Yomasofi
Eit rom for å hukse. Det enkle. Det stille. Det ekte.
For å hukse kven du er bak alt du trudde du var.
Ei rytme frå det usynlege til det levde.
Yomasofi er ikkje ei bedrift, det er ikkje eit prosjekt.
Det er eit livsverk - ein straum eg lever i, og delar frå.
Det er ikkje alltid vegen er synleg, men det er det som gjer Yomasofi levande.
Når eg held rom, når eg skriv, når eg lyttar,
når eg møte eit anna menneske i stillheit,
Då veit eg at eg er der - i det levande landskapet av det Yomasofi er.
Yomasofi er i bevegelse, akkurat som meg, akkurat som livet.
Eg lever syklisk, i takt med naturen, ikkje med algorytmer.
Reisa går dit eg blir invitert, og der det kjennest rett, opnar eg rommet.
Det kan vere samlingar i naturen, i stille rom, eller gjennom ord og sang som når deg der du er.
Kven er eg? Eit spørsmål eg stiller meg sjølv ganske ofte.
Eg trur ikkje det er so viktig kva eg har på papiret.
Det eg synes er viktig er mine egne erfaringar, og eg kan kun veilede andre frå det eg sjølv har erfart. Det eg har lært, er at jo meir eg kan romme i meg sjølv, jo meir kan eg romme i andre.
Jo tryggare eg står i tillita, jo tryggare kan eg halde rommet.
Eg lyttar, eg held rom, eg følge ein indre rytme.
Eg har gått i mange sirkler og eg delar det som spirer undervegs.
TAKK
for at du lyttar
for at du fann vegen hit
Du er velkommen med vidare på reisa slik det måtte passe for deg.
Legg gjerne hånda på hjerta og ta nokon djupe pust før du går vidare.
Detter er meg - Katrin Moe
Om du kjenne resonans med Yomasofi, er du velkommen til å ta kontakt med meg.
Det kan vere for å:
-høyre meir om ei samling
-invitere meg til din stad
-møtast 1:1
-stille spørsmål
-eller berre dele noko som røre seg i deg her og no
Det treng ikkje vere gjennomtenkt. Berre ekte.
Eg svarar når det kjennes rett i rytmen. Det å leve syklisk gjer at eg ikkje alltid er tilgjengeleg på nett. Men når eg svarar, er det rett frå hjerta.





