Timeplan
Dec 11 - Dec 17
S
M
T
W
T
F
S
* Merk at timen kan bli avlyst ved mindre enn 3 påmeldte. (Kveld kl.20 for morgontimane, morgon kl.10 for ettermiddags-/kveldstimar)
Kom i gang med å booke timer:
PÅ NETTSIDA:
*Lag deg ein profil (øverst i topplinja på høgre sida)
*Kjøp ynskja prispakke under "prisliste" (for dropin kan du betale direkte ved bestilling)
- Det tilbys ikkje refund på kjøp, men ved spesielle hendingar kan ein spørje om forlengelse av kortet.
*Gå til "timeplan" og book den timen du ynskjer å delta på
**HUKS at du brukar samme login både på nettside og i appen! (ellers har du plutseleg to profiler)
I WIX APPEN:
*Last ned Wix appen på din mobil, følg link nederst på sida, eller bruk invitasjonskode WJJYA7 - Yogahuset Sogndal
*Lag profil (merk at denne profilen er den samme om du brukar nettside eller app)
*Kjøp ynskja pakke under "prisliste"
(for dropin kan du betale direkte ved bestilling)
- Det tilbys ikkje refund på kjøp, men ved spesielle hendingar kan ein spørje om forlengelse av kortet.
*Book ynskja time i "timeplan"
*Du har full oversikt over dine timar og kjøpte pakkar på "min profil".
Trivsels-
rutiner
FØR TIMEN:
*Kom roleg inn i yogarommet og finn deg ein plass.
*Snakk med dempa stemme, slik at dei som vil falle til ro kan det.
*Sett mobilen på lydløs/flymodus, evt legg den att heime
*Unngå sterk parfyme, ta hensyn til at andre kan reagere på ulike kjemikaler.
*Ta kontakt før timen om du har skader, er gravid eller noko anna ein må ta hensyn til, slik at me kan tilrettelegge best muleg for deg.
-All praktisering er på eiga ansvar, og me vil gjera vårt beste til å guide deg slik at du alltid lyttar til kroppen og går i takt med den
*Unngå tunge måltid rett før timen. Det anbefales å praktisere yoga på tom mage.
*Dørene opna 10 min før, kom i god tid.
*Ta gjerne med eiga matte.
*Still i komfortable klede, og ha med noko varmt for avslappingsdelen.
(Kan anbefale å bruke ull på vinteren, spesielt på rolege økter som yin/restorativ.)
Legg unna alle samanlikninga
Møt deg sjølv akkurat der du her og no
Med den same godheita du ville vist din bestevenn
BESTILLING/ AVBESTILLING:
*Pga begrensa plass, er påmelding viktig. Dette gjer du ved å opprette ein profil på vår nettside/app. Sjå eiga forklaring lenger opp.
*Avbestilling er muleg fram til 2 timar før timen startar, avbestill gjerne so fort som muleg, slik at andre kan få plassen din. Når du avbestiller ein time blir klippet ditt tilbakeført kontoen din. Merk at ved dropin betaling kan du sende oss ei melding for å utsette yogatimen. Me tilbyr ikkje refund på kjøp av klippekort/pakkeprisar og dropin.
*Me tilbyr ikkje refund på ikkje - møtt opp time.
*Merk at ein time kan bli avlyst ved mindre enn 3 påmeldte. Du vil då få beskjed i god tid, og du får tilbake klipp/dropin som er brukt.
(Kveld kl.20 for morgontimane, morgon kl.10 for ettermiddags/kveldstimane)
Me er takknemlege for alle tilbakemeldingar, so nøl ikkje med å sei frå samme kva det måtte gjelde.