top of page

Gleda er so stor

Over å kunne opna dørene søndag og starte å dele dette nydlege lokalet med dykk ✨ Det er litt tilvenning i starten, både med nytt lokale og ny nettside med app. Men me er store tilhengara av «vegen blir til mens ein går». Livet er fullt av kontrasta og det er slikt me vekse på. Da kan ikkje gå altfor smooth helle 😅 Når da er sagt, trur eg no at appen skal fungere greitt. Der er viktig at de gir oss tilbakemelding når noko ikkje fungerar, og ikkje berre i appen men ellers og. Slik kan me bli bedre og gjere det beste for dykk. De kan alltids sende oss ei melding eller stoppe for ein prat, me er so takknemlege for alle tilbakemeldingar 🌱🙏





Yogahuset Sogndal vil vokse fram med desse tilbakemeldingane, og timeplanen vil forme seg undervegs. Ynskjer de andre timer, andre tider - berre kom med innspel. Me kan nok ikkje innfri alle ynskjer, men me vil gjera vårt besta 🌱 For uten dykk er det inget Yogahuset Sogndal 💚 Huks på da. Me er so takknemlege for å kunne kalla dette arbeidsplassen vår, å kunne kalle jobben vår for yogalærer ✨ Det er so fint å kunne dele denne kunnskapen vidare, som me har funne so verdifull for oss sjølve. Det er ei stor gleda, ei stor æra, å få kunne drive Yogahuset Sogndal og ta imot kvar ein av dykk ✨ Tusen hjartleg takk for ein kjempefint start på første veka, me ser fram til fleire 💚🙏


God virtuell klem frå alle oss til alle dykk 🥰

63 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page