top of page

Mykje god læring i å utforske sin kreativitet på ukjente område 🌱

Du verden so fort da gjekk sidan første titt på lokalet til me byrja oppussinga. 15.mars fekk me sjå lokalet første gong, og 19.mars starta prosessen som skulle bli Yogahuset Sogndal. No er me snart klar til å opne dørane 🥳


Når ein slik mulegheit dukka opp er det berre å snu seg fort om i svingane ✨

Det utvikla seg akkurat slik det skulle, og me har vore to om oppussinga, pluss enorm hjelp frå andre undervegs, ikkje minst frå husverta sjølv ✨ Evig takknemleg for alle som har stilt opp for at me skal få i gang Sogndals første yogastudio 💚


Når det gjelder meg (Katrin) og Nina, so er me ganske like på mange måta, som f.eks kan me vera like hjelpeslause eller lika produktive 😅 Når me er produktive får me jammen unnagjort ting, og når me står litt fast og føle oss hjelpeslause, so får me no jammen brukt tida til andre produktive ting, som å sitte utanfor å nyte sola og snakke med hygglege folk som går forbi 🥰


Lokalet er no blitt lika grønt som me følte oss i starten, med eit kult malingsnavn dusky fontaine 🌱 Me har lært mykje om både maling, og sparkling, og at det til og med kan vera vanskleg å få på plass ein spikar i ei hjørnelist 😅 Me spela musikk og dansa litt rundt innimellom, og når me føle oss veldig fornøyd med arbeidet stikke me på Kafe Krydder og unna oss ein vaniljelatte 👏👌 Da e no viktig å planlegga litt innimellom og! Ikkje minst med å få i gang den nye nettsida. Her er me veldig takknemlege for alle tilbakemeldinga på kva som ikkje fungerar so bra, men gjerne og det som fungerar bra ✨ Me er nye i denne prosessen og, men me går med mottoet «Vegen blir til mens ein går», og takkar for tolmod rundt det tekniska 🌱 Me skal dele meir detaljert info ganske snart om korleis logge på og byrje booke timar 👌



Det har vore ein lærerik prosess som me er veldig takksamme for, og no er me klar til å gå tilbake til det me kan best - dele gleda med yoga. Me gleda oss til å opne dørene saman med vår yogakollega Mathilde, og ikkje minst til å møte alle dykk ✨🌱🙏


Hjartleg velkommen til opning på søndag 19.april kl.1 ✨ Event ligg ute på vår Facebook side - Yogahuset Sogndal 🌱🙏



 



43 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page